Utvidinga av Lavik Helseheim 1939 - 1940

 

Lavik Helseheim vart opna for drift 1. juli 1916, etter at Fylkestinget i 1914 løyvde kr 25.000 til eit nytt sjukehus for tuberkuløse i Lavik. Lavik Heradstyre var først imot eit slikt bygg i Lavik. Dei var redde for smittefaren, og tilrådde eit bygg i Vadheim. Det var den dåverande distriktslækjaren Dr. Ludvig Trædal som såg mest verdi av eit slikt bygg i bygda, og som foreslo ein konkret plan og plassering av huset for Heradstyret. Tomten vart kjøpt frå Peder Kvammen, far til Arnold og Karl Kvammen, for kr 200, og tanken var å få bygget ferdig i 1915. Men verdskrigen kom og gjorde at bygget ikkje stod ferdig før året etter.

Et bilde som inneholder hus, utendørs, bygning, hvit

Automatisk generert beskrivelse

Det viste seg snart at bygget var for lite og ikkje makta å fylle alle krav, sjølv om det alt i 1927 vart installert generator for elektrisitet samt eit røntgenapparat slik at det vart lettare å stille diagnosen. I 1938 la difor styret fram ein plan for utviding av bygget som vart godkjent av Fylkeslækjaren og Fylkesutvalet. Dermed starta ein etter måten krevjande prosess for styret i Helseheimen. Styreleiar på denne tida var Dr. Th. Pettersen, som i 1935 vart tilsett som distriktslækjar i Lavik, men som og på same tid hadde ein stilling ved Lungegården Sjukehus i Bergen. I tillegg sat Mons A. Ringereide og Gunvor Instefjord i styret.

Ei byggjenemnd måtte dannast for å fylgje opp arbeidet, og i tillegg til det sitjande styret vart det no vedteke å styrkje nemnda med Gjert Raae. Han var ein svært kompetent og bygningskyndig mann, og mykje av arbeidet fall no på han. Endå ein ny verdskrig førde på nytt til forseinkingar, men rett oppunder jul i 1940 kunne ein ta ei bruk den nye delen.

Frå Fylkesarkivet på Leikanger har eg fått tak i mykje av dokumentasjonen frå denne utvidinga, og det er gjennomgått og systematisert etter beste evne. Det er ei god blanding av teikningar, brev, rapportar, handskrivne notat m.m., og gjev eit godt innblikk i dette prosjektet.  Det var nok ei krevjande tid for dei som deltok, og Dr. Pettersen skriv sjølv i eit av sine brev til Fylkesmannen:

"Det er ikke mulig å gi noen fyllestgjørende oppgave over det arbeide som særlig formannen og nemndas medlem Hr. Raae har hatt. Arbeidet ble både på grunn av krigen og andre uforutsette hindringer meget forsinket.

Planen måtte dels forandres. Dette skapte betydelig merarbeide. Der har vært holdt 12 møter i byggenemnda. De fleste av disse har vært langvarige møter med inspeksjon av bygget. Det daglige tilsyn med byggearbeidet har for den vesentlige del vært utført av Hr. Raae i den tid formannen var ansatt ved Lungegården sykehus i Bergen. Formannen var jevnlig hjemme i Lavik og stod elles i stadig forbindelse med byggenemndas medlemmer særlig Hr. Raae. I Bergen var formannen stadig i kontakt med arkitekten og tildels entreprenørene."

 

l 1969 vart Helseheimen godkjent som sjukeheim med 26 plassar. Namnet vart endra til Lavik Sjukeheim. Dei siste åra vart heimen driven som aldersheim. Etter fleire års kamp og strid vart Helseheimen som kjent til slutt lagt ned og riven i 2002.

 

Dokumentasjonen finn de her:

https://gamlelavik.net/Helseheimen/Helseheimen.html

 

Kjelde: Lavik Helseheim i 25 år. Mons A. Ringereide, utgitt 1941.

God fornøyelse!